← Events ved Vågå kulturhus
Sommarkonsert med kulturskulen

Sommarkonsert med kulturskulen

onsdag 10. juni 2026 kl. 17:00
Klar for gode musikkinnslag, med samspelgrupper på kryss og tvers av genre og alder? Mazurka, metall, Vamp og barokk pluss fleire musikalske krumpspring. Få med deg Hoztile på scena for siste gong i regi av kulturskulen før dei dreg til UKM landsfestivalen og "Tons til fjells". Du får i tillegg sjå små smakebitar frå den store framsyninga « frå Troll til kjerringer» i mai, med danse- og teaterelevane i kulturskulen og med husorkesteret. Det blir mykje å gle seg over og å gle seg til! Velkomen!
Billetter & info →