← Events ved Kulturhuset Banken, Holbøsalen

Kritikerseminaret: Korleis skriva sci-fi-kritikk? (Norsk Litteraturfestival)
torsdag 4. juni 2026 kl. 10:00
Kritikerseminaret: Korleis skriva sci-fi-kritikk?
Når me tenker på science fiction (sci-fi, SF) ser me gjerne for oss bøker med store vesensforskjell frå det me tenker på som vanleg, vaksen skjønnlitteratur, så korleis skal ein gjera kritikk av slike bøker? I dette føredraget gjeng Tharaniga Rajah gjennom kva sci-fi er og ulike underkategoriar i sjangeren, på særdrag som skil sci-fi frå annan litteratur, og kva ein kan sjå etter når ein gjer sci-fi-kritikk.Til no har sci-fi som sjanger ikkje fått den store merksemda i den litterære ålmeinta. Trass i at sci-fi-bøker jamleg får kritikk, har ein del forfattarar i sjangeren gjeve uttrykk for at dei kan kjenna seg misforstått, at referansane dei nyttar ikkje blir plukka opp av kritikarar, eller at dei ikkje blir lese opp mot dei bøkene dei sjølv skriv seg opp mot. I dette føredraget kjem Rajah til å gå nærare inn på kriteriar som heng høgt når ein skriv sci-fi, som til dømes verdsbygging, orginalitet og kreativitet, ikkje minst det særnorske fenomenet undringslitteratur.Tharaniga Rajah har sjølv skrive og omset sci-fi, skrive sci-fi-kritikk for tidsskrift, og laga podkasten Fantastiske Bøker, der ho og Monica Bjermeland gjer kritikk av bøker skrive innan ulike sjangre av fantastisk litteratur.
Billetter & info →