← Events ved Kulturhuset Banken, Holbøsalen
Kritikerseminaret: At noko er, er det fantastiske? (Norsk Litteraturfestival)

Kritikerseminaret: At noko er, er det fantastiske? (Norsk Litteraturfestival)

torsdag 4. juni 2026 kl. 09:00
Kritikerseminaret: At noko er, er det fantastiske? I Dag Solstad sitt essay frå 1967, «Det fantastiske/det trivielle - flukt/akseptasjon» påstår han at den såkalla fantastiske litteraturen «misbruker verden ved ikke å la den komme til syne». Eit meir perfekt utgangspunkt for å påstå det motsette skal ein leite lenge etter.Skal Gunnhild Øyehaug sitt føredrag om forholdet mellom det fantastiske og det verkelege i ulike bøker ho har lese, og i ulike bøker ho har skrive, påstå at verda misbrukar det fantastiske ved å ikkje late det kome til syne? Eller skal ho lese nokre tekstar av mellom andre Joy Williams, Franz Kafka, og Basho, og spørje kva som skjer, når noko verkeleg glir over i noko uverkeleg, om omvendt, gjennom litteratur?
Billetter & info →