← Events ved Vågåkyrkja

KONSERT // Vivaldis - Dei fire årstidene
torsdag 15. oktober 2026 kl. 19:00
Verdas mest populære verk - spelt av fem av dei fremste musikarane i Noreg.
I Dei fire årstidene levandegjer Vivaldi draumen om livet på landet. Kvar del er ei årstid som blir skildra i musikken. I Våren dannar tre fiolinar eit lite fuglekor som blir dempa til kviskring av ein lett bris. Hissige fiolinar målar fram eit stort uvêr som dreg forbi. Sommaren dirrar av varme, og fluene surrar rundt både folk og fe. Vivaldi var begeistra for fuglar, og her finn vi både gauken og stillitsen. Hausten er tida for jakt og druehausting. I partituret har Vivaldi skrive L’Ubriaco – drukkenbolten – treffande illustrert med utsvevande løp i fiolinsoloen og eitt og anna «feilsteg». Vinteren er tida for iskalde vindar i Venezia, der Antonio Vivaldi var ein kjend skikkelse på 1700-talet. Vi høyrer korleis vindane virvlar over tomme torg og piskar opp bølgjene i bukta. Men Vivaldi hadde òg eit godt auge til vinteren, som han skildrar med ei heilt særeigen musikalsk skjønnheit.
Vivaldi sine Årstidene vart ein umiddelbar suksess og har fascinert lyttarar og inspirert andre komponistar sidan dei vart skrivne i 1723.Verket blir framført av dei anerkjende musikarane:
Desse solokonsertane er ein del av opus 8: samlinga Il cimento dell'armonia e dell'inventione, som vart gjeven ut hos Michel-Charles Le Cène i Amsterdam i 1725. Saman med sjølve konsertane vart det trykt sonettar som skildrar dei ulike årstidene. Sonettane er skrivne av Vivaldi sjølv, som ei tydeleg inspirasjonskjelde for utøvaren. Desse fortel vi om på konserten.
Saman med pianokvintetten skildrar solofiolinen på eit fargerikt og dramatisk vis karakterane til dei ulike årstidene.
Antonio Vivaldi (1678–1741) var eit kraftsentrum i det europeiske musikklivet i si samtid. Han skreiv mykje musikk – cellokonserten på denne konserten er til dømes eitt av 27 slike verk. Han skreiv om lag 500 solokonsertar totalt, mellom dei fiolinkonsertane Dei fire årstidene. Musikken hans slo an både hos høg og låg i samfunnet, godt hjelpt av Vivaldi sin fargerike personlegdom og hans dugleik som fiolinist.
Vivaldi fekk bestillingar på musikk frå kongar og keisarar over heile Europa. Årstidene gjev eit breitt bilete av den unike musikkgåva Vivaldi hadde, og av kvifor musikken hans framleis når nye musikkelskarar i dag.
Billetter & info →