← Events ved Tante Gerdas Scene
Himmelleite på Tante Gerdas Scene

Himmelleite på Tante Gerdas Scene

torsdag 10. september 2026 kl. 19:00
Himmelleite byr på eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen spelar folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres. HIMMELLEITE Folkemusikarane Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres og Vemund Olav Aukrust frå Lom starta duoen Himmelleite i 2022. Duoen utforskar to musikalske ytterpunkt: Langeleik og orgel, med innslag av song og kraviklyre. Dei har gjort ei rekkje konsertar i lag dei siste åra, og kjem no med si debutplate. Himmelleite byr på eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen spelar folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres, som dei har funne i notesamlingar og på folkemusikkarkivet. På det nye albumet får vi høyre dette materialet i ei ny musikalsk drakt - der langeleiken og orgelet skifter mellom å ha ei leiande rolle. Du får høyre halling, lyarlåttar, salmer og viser, springleik og valdresspringar i duoens eigne arrangement - tidvis kombinert med klassiske tolkingar av det same slåttematerialet.Om namnet på duoen kan Ingrid fortelje at Himmelleite er eit anna ord for horisont, og blir ofte brukt om synsranda innover i fjellet. - Tittelen Efterklang fra fjeldreisen har vi henta frå ei notenedteiking av komponisten Halfdan Kjerulf” , legg Ingrid til. Kjerulf var ein av mange som reiste til fjells på inspirasjonsreise, og som tok med seg folkemusikken inn i komposisjonane sine. - Tematisk er mykje av materialet inspirert av fjellområdet Jotunheimen mellom dalføra der vi båe er vakse opp, fortel Vemund. - Ideen bak prosjektet var særleg å spore opp ord og tonar som hadde sprunge ut avseterkulturen der, legg han til. Ingrid og Vemund er blant folkemusikk-Noregs mest fremtredande utøvarar på kvar sine felt. Ingrid er den fyrste til å ta mastergrad i utøving med langeleiken som hovudinstrument frå Norges Musikkhøgskole. Vemund er tilsett som organist i Ål i Hallingdal, og har ei særskilt interesse for å dra parallellar mellom den kontinentale barokkmusikken og den norske folkemusikken. Saman utgjer dei eit spennande lydbilde i duoen Himmelleite. HER KAN DU LYTTE TIL MUSIKKEN: https://promo.theorchard.com/A9jNK57ytmZP9VqWKFFZ Tante Gerdas SceneTante Gerdas Scene er en frivillig forening som ønsker å bidra til konserttilbudet til folk i Hamar og omeng. Vi fokuserer på konserter innen sjangerene folkemusikk, vise og verdensmusikk. Du er velkommen til å bli medlem i foreningen vår! Det koster kr 100,- per år (fra dato til dato) og da sparer du mye på konsertbillettene! Du kan melde deg inn når du kommer på konsert! Se hvem som er med i styret her: www.tantegerdasscene.no
Billetter & info →