← Events ved Vågå kulturhus

Frå troll til kjerringer
fredag 8. mai 2026 kl. 16:00
Bak eventyra lurer dei vondskapsfulle vaksne – men har dei rekna med syngande, dansande og kloke ungar?
I denne fargerike framsyninga tek vi deg med inn i scener frå kjende eventyr og elskte, filmatiserte bøker. Den raude tråden er kampen mellom uskuld og ondskap, der barna står sterke mot dei vaksne sine mørke planar. Gjer deg klar for skumle karakterar, fengande musikk, vakre dansar og smittande speleglede.
Velkomne til «Troll til kjerring»!
Aktører:
Teater- og danseelevar frå Vågå kulturskule, samansett husorkester med bandelevar og lærarar frå kulturskulen.
Billetter & info →