← Events ved Vidflotten arena

Vassendgutane
lørdag 1. august 2026 kl. 20:00
Fest med Vassendgutane!
Under årets Landsskyttarstemne på Lesja i sommar blir det storkonsert med landets fremste festband. Sjåast vi?
Heilt sidan 1996 har Vassendgutane vore banebrytande i norsk musikk. Med lidenskapelege tekstar og tonar – og eit like spektakulært live-show – har dei etablert seg øvst i den norske festbandbransjen.
Stikkorda er mykje glede, energi og fest – og eit band som inkluderer publikummet frå fyrste strofe. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt – og sjølvsagt slagarar som «Med dobbeltseng», «Granada» og «Longt inne i en fjord». Syng med på dei store hitane!
Kvar: Vidflotten/Lesja.
Dørene opnar klokka 20.00.
Pris: Vaksen: 585 kroner. Ungdom frå 15 til 17 år: 545 kroner. Prisane er inkludert avgift. Legitimasjon må visast ved inngang.
Les meir på www.ls2026.no
Vel møtt!
Billetter & info →