← Events ved Lillehammer bibliotek
Den andre sida av elva - med Therese Tungen

Den andre sida av elva - med Therese Tungen

tirsdag 24. mars 2026 kl. 17:30
Da Karnanne sitt liv i oslo raknar, dreg ho frå ektemannen og attende til bygda ho kjem frå. Den same staden ho rømte frå 16 år gamal, etter at systera Alicia vart funnen død i elva. Ho flyttar inn i huset til faren og les opp att dei gamle segnene om ungjenter som vart tatt av berget, dei som ho studerte for mange år sidan. Men såra frå fortida opnar seg på nytt. Karnanne anar etter kvart at fleire veit meir om dødsfallet enn det dei har sagt. Kanskje døydde ikkje systera på grunn av eit uhell. Folk i bygda er framleis prega av det som hende, og ikkje alle liker at Karnanne er attende og stiller spørsmål. Finst det nokon ho kan stole på? Med sin fyrste roman leverar Therese Tungen ‘mørkbrent bygdekrim på saftig dølamål’. NRK’s Knut Hoem plasserer ho attpåtil i same landskap som både Kerstin Ekman og Karin Smirnof, både kva gjeld stil og kvalitet. Her er bygdedramatikk, gamle gåter, sorg, destruktive relasjoner og begjær, og boka har høsta strålande kritikk. Møt Therese Tungen i samtale med biblioteksjef Cathrine Strøm Gratis inngang Meld deg gjerne på, på førehand. Det gjer planlegginga lettare for oss! https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/event/666390948 Velkomen! Boksal ved Norli Storgata 61 Arrangert i samarbeid med Lillehammer mållag * * Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho har jobba som forlagsredaktør, har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen, og er nå leiar for Samlaget og Minotenk sin Forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Boka fekk strålande mottaking og ble nominert til Ungdommens kritikerpris. Ho vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, Kjærleik og det som liknar. Den fekk glimrande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kom den sjølvbiografiske Snu deg. Edvins bok. Våren 2026 er ho aktuell med romanen Den andre sida av elva.
Billetter & info →